Nokre ord om sekstimarsdagen

Av Magnhild Folkvord, på eit seminar 28.4.2026, i høve Ebba Wergeland sin 80-årsdag.

Kampen for sekstimarsdagen er ei av dei sakene Ebba har lagt ned mykje arbeid i, ho har spreidd både kunnskap og entusiasme. Likevel er sekstimarsdagen for dei fleste framleis ein vakker draum som ikkje ser ut til å bli realitet med det første.

Eg skal ikkje gjenta alle gode argument for sekstimarsdagen, berre referera den Tine-arbeidaren som uttalte kort og konsist: Sekstimarsdag er genialt, sa han.

Kvifor har det ikkje blitt realitet for fleire, og kvifor har sekstimarsdagen tvertom  blitt reversert der den fungerte som best? Etter 12- 13-år med vellykka sekstimarsdag – til og med utan ekstra kostnader – sa konsernleiinga i Tine at det skulle vera slutt – utan overtydande forklaringar på kvifor det skulle vera slutt.

Kan problemet vera smittefaren?

Inntil eg får ei betre forklaring, vel eg å tru at risikoen for smittespreiing er ein vesentleg del av forklaringa på arbeidsgivarar sin motstand mot sekstimarsdagen. Dess fleire som får sjansen til å gjera gode erfaringar med sekstimarsdag, dess fleire kan komma til å krevja det same. Kanskje kan det bli reine epidemiar av det?

Draumen om sekstimarsdagen er ikkje ny. På 1920-talet kravde gruvearbeidarane i Sulis sekstimarsdag, på 1930-talet var det arbeidsløyse og Ap gjekk i spissen for krav om sekstimarsdag for å gi arbeid til fleire.

Frå 1970-talet og utover med fleire kvinner i lønnsarbeid, vart det nytt liv i diskusjonen om sekstimarsdagen fordi det særleg var kvinnene som kjende på kroppen at døgnet vart for kort med både heimeansvar og åtte timars arbeidsdag.

På Arbeiderpartiet sin landskvinnekonferanse i 1985 var sekstimarsdagen eit heitt tema. Same året vedtok repskapet i Oslo Samorg mot to stemmer: «37,5 timars uke for alle i 1986, 7 timers arbeidsdag i 1988. Gjennomføring av 6-timersdagen innen 1992.»

Tariffoppgjeret i 1986 vart av dei meir dramatiske, med  både streik og lockout. Resultatet vart både 7.5 timars dag og auka kjøpekraft.

Da hadde det gått 67 år sia 8-timarsdagen vart lovfesta i Noreg. No har det gått 40 år til, og for dei fleste er arbeidsdagen framleis 7,5 timar.

Døgnet er framleis for kort for dei som skal både levera og henta ungar i barnehagen og rekka over ein vanleg arbeidsdag. Men også der det er to til å dela på ansvar for hus og ungar, kan det bli meir travelt enn godt er.

Kvifor har det ikkje skjedd noko meir med normalarbeidsdagen? Produktiviteten har auka, landet er rikare enn nokon gong, kva meir må til for at både menn og kvinner skal få arbeidsdagar som er til å leva med?

Vi veit at ijttnå kjem tå seg sjølv. Det gjorde ikkje 8-timarsdagen, og heller ikkje 7,5 timarsdagen.

Men sjølv om dei unge fedrane i dag tar meir heimeansvar enn deira fedrar gjorde, er det framleis flest kvinner som slit mest den uløyselege tidsklemma, og mange av dei har også dei tyngste jobbane, td innafor helse og omsorg.

Så langt fantasien min rekk, er fagrørsla den viktigaste, men ikkje den einaste, krafta som kan vera med på å kjempa gjennom ei ny arbeidstidsforkorting.

Eg trur vi har å gjera med ei alvorleg kjønnsmotseiing i denne saka. Arbeidstidsforkortinga skal sjølvsagt gjelda likt for kvinner og menn.

Men til no har det vore ein uløyseleg taktisk knute at sekstimarsdagen blir opplevt som aller viktigast for kvinner, men er avhengig av fullt trøkk frå både menn og kvinner i fagrørsla for å nå fram. Eg trur fleire enn eg har drøymt om at aksjonsgruppa MANNFOLK FOR SEKSTIMARSDAGEN skal dukka opp, fulle av handlekraft og entusiasme. Det finst mange potensielle medlemmer, men til no har dei ikkje stått fram i samla tropp.

Korleis dei skal aksjonera, må dei finna ut sjølve. Men eg kan minna om at dei tøffaste mannfolka i 1918, dei gjekk frå jobben etter åtte timar 2. mai.

Toppane i fagrørsla har ikkje vore interesserte i så mykje meir enn festtalar om sekstimarsdagen. Når det blir alvor, er det alltid noko anna som er enda viktigare.

Dersom ikkje toppane er til å lita på, er det kanskje meir grunn til å lita på grasrota. Og kanskje er det ikkje nok med «berre» fagrørsla heller, sjølv om det til tider er mykje styrke å henta der.

Kvinnerørsla, miljørørsla, folk flest – korleis foreina alle gode krefter?

Kva har vi å spela på? Dei gode erfaringane som er gjort med diverse pilotprosjekt må bli meir synlege, erfaringane må formidlast overalt! Sekstimarsdagen må bli ei kvardagssak som alle snakkar om.

Sekstimarsdagen er ikkje løysinga på alt som kan vera vondt og vanskeleg, men kanskje kan den vera eit lite steg på vegen mot at det skal bli like fint å jobba som å dansa?

Neste
Neste

10-årsmarkering for den franske sexkjøpsloven