Abort – ein sjølvsagt del av eit etisk samfunn

Abort er ikkje eit etisk problem. Derimot er det eit overtramp å påleggja kvinner skuld og skam for å ha tatt abort eller hatt ubeskytta sex. Vi må også slutta å dela abortar inn i verdige og uverdige og slå i hjel myten om at abort gjev kvinner psykiske plager.

18.08.2008

Abort er ikkje eit etisk problem. Derimot er det eit overtramp å påleggja kvinner skuld og skam for å ha tatt abort eller hatt ubeskytta sex. Vi må også slutta å dela abortar inn i verdige og uverdige og slå i hjel myten om at abort gjev kvinner psykiske plager.

Marianne Mjaaland har gjennom boka si ”13. uke” starta ein abortdebatt. Hennar påstand er at abort er eit grunnleggjande etisk problem og at abort er drap. Men ho er pragmatisk og er difor for abortlova og ville i si legegjerning ha utført abort.

På det viset skiller ho seg ikkje frå det som er den gjengse oppfatninga i Noreg. Det Nye gjorde ei spørjeundersøking blant sine lesarar i 1996 om abort. Den konkluderte med at; "Den typiske Det Nye-leseren er en skikkelig pike: Hun røyker ikke, har ikke prøvd narkotika og har heller ikke lyst til å gjøre det. […] Abort har hun aldri tatt, og selv om hun prinsipielt er for fri abort, kunne hun ikke tenke seg å gjøre det selv. […] Åtte av 10 svarer at de generelt er for abort, 14 prosent er usikre, mens 6 prosent er abortmotstandere. 11 prosent av jentene har tatt abort selv".

Mange seier det same som Mjaaland. Dei er for abort av di det ikkje finst noko alternativ – eit nødvendig vonde. Dette er ein naturleg konsekvens av at abortmotstandarar har fått dominera den etiske debatten kring abort. Dei har heile tida kjempa for å gje fosteret menneskeverd på lik line med kvinna. Desse forslaga har alltid vorte parlamentarisk avvist. I tillegg kaller abortmotstandarane seg Pro Vita. Dei hevdar at dei er for livet medan abortforsvararane skulle vera mot livet. Dette er å snu verkelegheita på hovudet. Ein mormonar og abortmotstandar eg kjenner har sagt;”Eg veit at ein ikkje redder foster ved å forby abort, ein berre skader kvinner”. For  meg er det grunnleggjande uetisk å konkludera med å vera imot abort ut frå ein slik kunnskap.

Mjaaland meiner at abort er mord, men at det er ei avsporing å snakka om når livet byrjar. Derimot tykkjer ho det er greit å gje folk dårleg samvit for å ha tatt abort av di det er riktig å ha skuldkjensle når ein har gjort noko galt. Men har ein gjort noko moralsk galt når ein tar abort? Filosofen Jens Saugstad har sagt at menneskeverdet er knytt til statusen som person og at etter vår tradisjon er personstatus knytt til rasjonell natur og evna til moralkjensle. Slik sett vert difor fosteret berre eit potensielt menneske, og ein tidleg abort kan difor umogleg vera gale i høve til menneskeverdet til fosteret. Om seinabortar seier han at fosteret sin rett til liv ikkje pålegg kvinna ei plikt til å nytta kroppen sin for å redda det livet. Hennar pliktar knytt til fosteret er avhengig av at ho aksepterer graviditeten. Difor meiner han at seinabortar heller ikkje kan vera ei krenking av fosteret sin rett til liv.

Eg arbeider sjølv med abort anten ved å snakka med kvinner som ynskjer abort, utføra kirurgiske abortar eller gjennom forskningsprosjekt knytt til medikamentell abort. Eg kjenner meg aldri som nokon ”bøddel” eller tenkjer på små, søte barn. I staden er eg utruleg stolt over at vi har den lova vi har. Ikkje minst er eg stolt over at eg ikkje har nokon rett til å vita kvifor kvinnene som kjem vel å ta abort. I staden har eg ein grunnleggjande tillit til at dei vel det som er rett for dei og at deira etiske vurderingar ikkje er dårlegare enn mine. Det finst ikkje verdige eller uverdige abortar. Der dei som er fattige, har vorte valdtatte, er veldig unge, sjuke og så vidare er verdige abortkvinner medan kvinner i 30-åra med fast partner og jobb er uverdige. Kva veit vi om deira liv og kva for rett har vi til å stilla oss til doms over deira val?

Sidan berre ein tredjedel av uplanlagte svangerskap er uynskte så er det også mogleg å argumentera med at eit samfunn treng ein viss andel abortar for å oppretthalda befolkningsnivået sitt. Abort er eit familieplanleggingsmiddel. For dei fleste kvinner er det derimot ikkje fyrstevalet og dei fleste ynskjer å unngå ein uynskt gravid. Difor er eg for tiltak som til dømes gratis prevensjon som gjev kvinner ein betre sjanse til å unngå uynskte graviditetar. Høge aborttal meiner eg ikkje er eit samfunnsproblem i seg sjølve, men det er eit problem dersom det er eit resultat av mangel på seksualundervisning, vanskeleg tilgjengeleg og dyr prevensjon, dårlege vilkår for å ha barn dersom ein er einsleg osv.

”Vil du vere med på leken så får du tåle steken” haldninga framstiller det som om det å verta gravid skulle vera ein straff som du skal ta konsekvensen av og at straffa er å setja eit barn til verda. Slik skal det ikkje vera. Når den generell samfunnshaldninga antyder at abort er eit nødvendig vonde så er det ikkje rart at abort er eit tabu for kvinner som har tatt abort, trass i at det dreier seg om 35-40% av alle norske kvinner. Berthold Grünfeldt sa allereie i si doktoravhandling i 1973 at kvinner er konforme med samfunnet rundt seg og at graden av psykiske reaksjonar difor kan påverkast av forventningar om reaksjonar. Eg er difor einig med Marianne Mjaaland i at vi treng ein debatt. Eg er berre usamd i konklusjonen.

Det er ein myte at kvinner får store problem etter å ha tatt ein abort. Forskning viser at det ikkje er noko auka risiko for psykiske plager etter ein abort. Dei fleste er letta over å ha fått ei løysing på eit problem. Det tyder ikkje at valet er lett for alle. Forskning viser at dei som kan få problem etter ein abort er dei som har tidlegare psykisk sjukdom i livshistoria si, er særs ambivalente om valet eller dei som har kjend seg pressa til å ta abort av andre. Det er ikkje aborten i seg sjølv som er problemet, men i staden livssituasjonen då dei vart uynskt gravide og endte opp med å ta abort. Då kan det vera naturleg å vera lei seg i etterkant sjølv om ein meiner at det var rett å ta abort. Det er heller ikkje berre kvinner som tar abort som gråter hjå legen. Dei gråter ofte i samband med inngrep av di dei er redde. Dei kan også vera skamfulle og vera redde for reaksjonar frå helsepersonell når dei til dømes har fått kjønnssjukdomar.  Ein kan ikkje ta alt til inntekt for at dei har store etiske kvaler. I staden må ein signalisera at det ikkje finst nokon grunn til å fordømma dei eller det som har hendt.

Abort er ein naturleg del av samfunnet og seksuallivet og må få ei full moralsk godkjenning. Fyrst då kan kvinner snakka om full seksuell frigjering. Vi må ha tillit til kvinners etiske haldningar i staden for å pålaggja dei skuld og skam når dei ikkje ynskjer å fullgå eit uynskt svangerskap.

 

Mette Løkeland
Lege, Kvinneklinikken, Haukeland Universitetssjukehus
Kvinnefronten

 

 



Mette Løkeland